Framtidsfylket?

Frå motekspertise til vekstdrivar - om Høgskulen i SogF

Norsk høgare utdanning tok ved inngangen til 1970-åra ikkje berre steget frå eliteutdanning til masseutdanning, men sprengde også tidlegare fastlagde geografiske og kulturelle grenser innanfor utdanningssystemet. Ideen med etableringa av distriktshøgskulane var utdanning til folk der folk var.

Det vesle forlaget Skald i Leikanger i Sogn og Fjordane har gitt ut praktboka «Frå skuletun til campus – Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane». Boka, skriven av historikar Gunnar Yttri, speglar endringa frå sekstitalets fokus på lokal kompetansebygging og vern om lokale verdiar, til dagens fokus mot ein stadig meir internasjonal marknad for utdanning.

! politikk, MAKT, debatt, NETTVERK!

Fakta om feminster og hårete fordommer

No tek eg utgangspunkt i feminstar og fordommer, og så ser vi litt på fleip og fakta.

Vi som høyrde på Kristin

Vi som høyrde på Kristin Halvorsen. Med eit kommandoliknande utspel før jul, vart vi oppmoda til å handle oss ut av ei kommande finansiell krise. Hald hjula i gang. Redd di eiga arbeidsplass. Meir av sedvane enn oppmoding handla vi frå oss som aldri før, og lunken i økonomien heldt seg for ei stund. Men med eitt kom den globale kulda. Verda er blitt insolvent på grådige tankar langt frå sosialdemokratiske verdiar og styring. Ein global ide om fri handel har rykka maktbalansen frå statlege grep og rike haukar flyg no over frårømde fabrikkar og ruinerte kvardagar. Småspararar som gjekk frå å være rentistar på eigen sparekonto lytta no til bankanes flokslar om kvifor dei no sit med lån i staden… Pengane er søkk vekk i utruleg gode fondsavatalar bankane knapt sjølve har vit på.

Men neppe var fridomen til spekulantar og andre velmeinande bankar si ymse fond pris ukjend for oss? Alt i 1998 karakteriserte Der Spiegel-journalistane Hans-Peter Martin og Harald Schumann den europeiske økonomien som ein bil i mørkre utan lys og førar – med klampen i bånn. I so fall kom kristin aldri lenger enn til klutsjen. Ein velmeinande finansminister forførde oss i beste fall ut i eit kaos NAV verdig. Arbeidarar som i over 30 utrøyttelege år har tilført staten skattepengar og god avsetning gjennom forbruk, møter no eit offentleg organ i kneståande med lua i handa. Ordet reform oppfattast mest som eit aktivum for eit byråkrati agerande i sjølvinteresse.

Boka om "suraste fylket" er tørr som tørrfisk

Då “Norge i dag”då boka fekk så mykje merksemd i Sogn og Fjordane, fann eg, nysgjerrig som eg er, ut at eg måtte nok lese den. Reiseskildringar er ein av mine favorittsjangerar, men alt etter tjue sider av “Norge i dag”, grua eg meg til å lese resten. Språket er flatt og daudt og tørt som tørrfisk. Les min kommentar i Dag og Tid.

Ei bok med meir flatt og daut språk skal ein leite lenge etter, og eg spurde meg sjølv: Korleis kan ei slik bok skape så mykje debatt? Eg spør meg om journalistane i fylket har lese boka “Norge i dag”. Og om nokon har lese den, korleis kan dei då bygge ein så stor debatt rundt boka?

Valg i USA

Det er ikke lenge til valget i USA går av stabelen og for de av oss som har fulgt med går vi nå inn i en spennende tid. Jeg skal være den første til å innrømme at jeg satt opp alle nettene da det var delstatsvalg (bortsett fra natt til eksamen), og har sett nesten alle debattene som har vært etter sommeren. Mange er nok litt lei av å høre om hva som skjer “der borte” og mange bryr seg helt sikkert ikke om det er Obama, McCain eller mindre kjente Bob Barr som blir USAs neste president, synd, men sant. Det er faktisk slik at presidentvalget er viktigere for verden – inkludert Norge – enn valget vi snart står ovenfor her i Norge.

I dag leder Obama på alle meningsmålinger og det ser svært svart ut for McCain. Mange mener han har gitt opp, noe man nesten kunne få uttrykk av da han talte for mange av sine tilhengere for noen dager siden. Han roste Obama, men et øyeblikk seinere måtte han bedrive brannslokking da en person i salen sa at hun ikke kunne stole på ham fordi “he’s an Arab”. McCain handlet raskt og tok fra henne mikrofonen og svarte at “is a decent family man, citizen that I just happen to have disagreements with on fundamental issues.”

Suraste fylke i landet, eller berre landets suraste kommentarfelt

Norges suraste fylke, er NRK si overskrift

Er det heimesittarane i fylket som sit å skriv i kommentarfelta på NRK? Det kan iallefall sjå slik ut, perspektivlaust er det iallefall. Boka er sikkert gøy den, men neppe genial. Eg ser at den er ute på markedet, og tenker omtrent slik: nok ein journalist har farta litt og skriver eit eller anna for moroskuld i atter ei reiseskildring som snart er glømt.

Menn med badehetter?

Vasspolo — foto: Scanpix/AFP

Etter å ha slite meg gjennom den første arbeidsveka etter ferien og gått glipp av utallege norske høgdepunkt og nedturar i OL grunna utruleg dårleg planlagte sendetider hadde eg sett av laurdagen til å nyte store sportsprestasjonar. Tidlegare i veka trudde eg at eg skulle få sjå både norsk fotball og norsk handball på laurdag, men det var jo fredagen dei norske laga spelte, liten nedtur. Men etter å ha bomma enno meir på sendetidene slik at Olaf’en allereie hadde rodd seg i mål som nummer ein før eg var komen på plass foran tv-skjermen, kva ser eg? Jo, menn med badehetter! Eigenleg litt søte der dei sym rundt med knyting under haka, nett som babyar, (har dei bleier òg som vi ikkje ser under vatnet?) men bevare meg vel, OL-grein? Dette er ei øving eg ikkje har høyrt mykje om, korleis gjekk det med Noreg i kvalifiseringa – har vi verkeleg landslag i dette merkelege spelet dei kallar vasspolo? Vasspolo? Eller er (kryss fingrane) norske menn litt meir forfengelege enn desse kjempebabyane med hår på ryggen? Føler dei som eg, at desse badehettene får tankane over på heilt andre ting enn sport? Jaja, det vart no heldigvis fint vêr i dag, så då kan eg ta mi eiga ol-øving i hagen i staden. Slite meg gjennom siste runde med grasklipparen.

Kafekulturen bør spre seg til bygda

Nokre pensjonistar sit og sladrar på ein lokal kafe i Sunnfjord. Regnet høljar ned og røyken ligg tett under plasttaket blant plaststolane. Oppned blomsterpotter tjener som askebeger, aska ligg utover og på plastduken er det kaffesøl. Fleire fuglar sit og et av ein forlatt hamburger som står på nabobordet. Pommes frites og burger ligg utover golvet.

- Sjå på fuglane, seier den mannlege pensjonisten med Coop-posen til dei to kvinnelege.

Skal du spele inn skrekkfilm? Eg har det du treng...

Mange skrekkfilmar brukar skrika frå påfugl for å få til ein uhyggeleg stemning, og du er skrekkeleg heldig. Eg har det du treng: eg har to stk påfuglar som du kan få kjøpe. Men kvar gong eg seier til folk at eg har to påfuglar til salgs, seier dei:

Kva i alle dagar skal eg med påfugl? Sånn bortsett frå å spele inn skrekkfilm. Folk veit lite om påfuglar, det er ikkje eit vanleg husdyr i Noreg, men eg slår herved eit slag for påfugl som selskapsdyr. Eg er veldig glad i fuglar, har hatt alle slags fuglar i mange år, og påfugl er ein definitiv favoritt. Dei er intelligente, svært interesserte i folk og likar seg helst i nærleiken av deg. Med andre ord som ein hund med stjert. Sit du ute og solar deg, kan du vere sikker på at påfuglen sit og solar seg eit par meter frå deg. Sit du ute og les, sit påfuglen like ved, og om du et, sit han omtrent på fanget ditt. Om du les høgt for den, begynner den å blande seg inn så det er ikkje så lurt. Påfugl er eit flott dyr å slappe av saman med. Den ligg stort sett stille midt mellom gras og blomar, av og til går den seg ein runde og kjem så tilbake til deg.

Hans Jakob Reite, kvar var du mellom kl. 2300 og 0600 i natt?

Gjest-skulpturen til Stig Eikaas har vorte utsett for vandalisme i natt. På min daglege promenade forbi han Gjest (både eg og kidza diggar denne skulpturen) lyste det mot meg:

Heidi Grande Røys, vil du byte kontor med meg? Eg sit i ein fjøs.

kyr 3

Her eg bur, på Hjelmeland i Bygstad, har vi så dårleg internettilgang i huset at eg må sitte i fjøsen. I huset vårt tar det ca 15 minutter å laste opp nettsida fjordaglimt.no, om eg i det heile får den fram. Eg kan berre gi opp å laste ned sider som dagbladet.no, og eg kan ikkje sende store bilete. Så kva gjer ein, når ein som reporter er avhengig av tilgang til mail med mogelegheit for å sende store bildefiler: eg må sitte på internett i fjøsen. Her er det breiband. Det er litt ironisk, men Telenor vil kort sagt ikkje bygge linje til vårt hus. Linja er visstnok per idag for kort. VI skal visstnok få internett som duger i huset til sommaren, men det er mange timar i fjøsen til den tid. Kva er dette slags distriktspolitikk?? FOr kort linje?

Miss Mona Grudt, ein knarkar, Den minste og eg.

Førre helg var eg ein tur til Bergen. Ho var med. Og Den minste. Eg møtte Miss Mona Grudt og ein knarkar. Og stylist Jan Thomas.

Den eldste og Den mellomste var trygt plassert hjå tante heime i Sogndal. Veldig greit med slekt i nærleiken. Ein lyt hjelpe kvarandre.

Den levande nynorsken

Bilete frå hovudsida til Norges Mållag http://www.nynorsk.no/nmu/

Nynorsk er i vinden, no sist med store overskrifter i media her i Sogn og Fjordane fordi forfattaren, journalisten og den utflytte sogningen Brynjulf J. Tjønn i ein kronikk i Aftenposten vil konvertere til bokmål grunna for stor valfridom i nynorsk. Eg klør meg i hovudet og spør meg sjølv, når vart mangfald eit problem?

Eg er eit heilt vanleg menneske, ikkje utdanna innan språk, men kanskje litt over middels opptatt av språk. Mi store overbevisning er at nynorsk kun kan haldast levande ved å tillate at skriftspråket vert knytt til det munnlege. Den store gruppa nynorskbrukarar snakkar ikkje eit innsnevra språk, men eit levande, rikt og mangfaldig språk som gjer til at til og med bokmålsbrukarar tek til seg einskilde nynorskord og brukar dei skriftleg framfor konservative bokmålsord. Dersom det vert tillatt ei innsnevring i språket som gjer at vi som brukarar ikkje lenger ser samanhengen mellom tale og tekst, ja då har vi tapt språket til ein liten akademisk ‘elite’ som vil vere i stand til å bruke nynorsk som skriftspråk, vanlege folk, som eg har tillatt meg å vurdere meg sjølv som, vil grøsse på ryggen og snu seg vekk frå skriftspråket om dei vert tvungne til å bruke ord i skrift som dei aldri ville tatt i sin munn.

Den ubrukelege nynorsken

Journalist og forfattar Brynjulf Jung Tjønn frå Sogn skreiv i ein kronikk i Aftenposten onsdag ( eg siterer direkte eit utdrag av kronikken her:)

“For eg veit snart ikkje bak og fram eller opp og ned på nynorsken. Eg forstår meg ikkje lengre på han. Etter fleire korrekturrundar sa forlagsredaktøren min at han vert heilt svimmel av dette. Svimmel vert eg også. Tittelen «Lyden av noen som dør» er eit godt døme på kor vanskeleg det er å forhalde seg til nynorsk. Dei fleste vil tru det er ein bokmålstittel. Men det er faktisk lov til å skrive det slik på nynorsk også.”

Ferien min, kort oppsummert

Hus i landsby — Det meste av befolkningen i Laos bur i bambushus på landsbygda. Dyra bur under huset, og er ei stor varmekjelde for menneska som bur oppe.

I januar og februar hadde eg ferie (kinesisk nyttår, det er liksom deira juleferie), og då for eg ut på tur ettersom det var 30 minusgrader i Yinchuan og det frista SÆRS lite å bli verande her. Likevel vart eg her to veker uti ferien for eit intensivt kinesiskkurs der eg faktisk lærte ein heil del og fekk ei ny, god veninne (læraren min for dei som ikkje skjønte det). Etter det, reiste eg til Beijing og plukka opp to veninner frå Noreg (Maria Senneset og Therese Senneset – to framifrå jenter!) som kom for å reise rundt i Kina med meg i to veker.

Som mange kanskje fekk med seg var det den kaldaste vinteren på 30 år i Kina i år. Det er jo berre typisk min flaks, at det året eg faktisk skal bu i Kina skal det vere kulderekordar alle plassar. Beijing var bikkjekaldt, men vi hadde fire flotte dagar der likevel! Det blei EIN DEL shopping, og litt sightseeing innimellom. Etter det gjekk turen til Chengdu i Sichuan, ganske langt sør i Kina. Vi hadde god tru på at det skulle vere varmare der. Det var det – heile 7 grader varmare, så omlag minus 6. Problemet er at Sichuan er ein av provinsane i Kina der det EIGENTLEG reint teoretisk skal vere varmt om vinteren – så dei har ikkje sentralvarme der. Det vil seie at det var akkurat like forbanna kaldt inne som det er ute. På eit punkt ein kveld var Maria faktisk blå av frost. Chengdu er kjent for to ting: overnaturlig sterk mat og pandabjørnar. Eg er glad i sterk mat, så for min del var det flott. Mine to landsmenn derimot kunne styre sine smaksløkar, og sleit litt. Pandabjørnane skuffa ikkje, dei var supersøte akkurat som forventa! Planen var å bli eit par dagar ekstra i Chengdu, men når det er plent umulig å bli varm fordi det er kaldt absolutt alle plassar, til og med innandørs, legg det liksom ein dempar på humøret. Så vi flytta oss endå lenger sør, til Kunming i Yunnan. Yunnan er heilt sør i Kina, på grensa til Burma, Thailand, Laos og Vietnam, og DER var det mellom 15-20 grader (som sjølsagt var uvanlig kaldt), og det gjorde godt for tre blåfrosne nordmenn. Der hadde vi ei veke med avslapping, sightseeing, natteliv og shopping.

Vasete kvinnedagsdebatt frå Førsund og Tonning

Jenter, bygg nettverk! Oversjå flisespikkeri og intrigemakeri.

Både Førsund og Tonning bidreg retorisk til å stemple både seg sjølv og andre kvinner. Kvar er kvinnekampkompetansen blant kvinnene i fylket? Den er i alle fall ikkje på trykk.

Kvinner i kamp

Laurdag er det 8. mars, og både gamle og nye raudstrømper rustar seg til kamp. Det handlar sjølvsagt om den gode gamle Vi-er-mange-vi-er sterke-vi-skal-knuse-manneherke` -kampen. Men i år handlar det også om ein annan kamp, nemleg Sjå-til-å-halde-dykk-langt-vekke-frå-vår-kvinnekamp-jævla-doller -kampen.

Bankdinosauren Sparebanken Sogn og Fjordane inviterer, saman med Innovasjon Noreg og Førdefestivalen, til kvinneseminar på SJØLVASTE kvinnedagen 8. mars. Dette har vekt HARME & RASERI i diverse feministmiljø. Kvinnesakskvinna Rita Tonning er av dei som undrar seg over at andre no vil arrangere fest for kvinnene. Andre uroa kvinner finn vi også i Raudt Sogn og Fjordane. I eit innlegg i lokalavisa mi lyser Sjå-til-å halde-dykk-vekke -haldninga lang veg.

Fylket som er som alle andre (fylke)

I Sogn og Fjordane kan du både skape deg ein karriere og leve det gode liv.

omega 3 of norway
OMEGA 3 FRÅ MÅLØY: Omega 3 of Norway

Jean Claude og Victor

Måndag 11. februar fekk rektor Geir Navarsete ved Kaupanger skule i Sogndal ein telefon frå Politiet. To av hans elevar, brørne Jean Claude Mukasa (8) og Victor Mpore (11), har ikkje gyldig opphald i kongeriket , og skal sendast heim. Navarsete må velje: Enten køyrer han dei inn til politistasjonen i Sogndal, eller så hentar politiet dei sjølv. Sjølvsagt har han ikkje noko val. Eit politioppbod på skulen vil vere meir opprivande – for alle – enn å køyre dei sjølv. Så han vel kolera framfor pest. Borna vert køyrt rett til politistasjonen. Der ventar gutane si mor, Francoise Teta. Denne kvinna mista familien sin i Rwanda i 1994, og kom saman med sønene sine til Sogndal for om lag tre år sidan.

Mor og søner fekk knapt nok pakke sakene sine før dei vart plassert på politistasjonen i Sogndal.

Kristenfundamentalistar i Firda

- Homofile prestar er ikkje kristne. Det går ikkje an, seier Gudmund Furnes frå Bygstad i dagens Firda. Eg kjem frå Bygstad. Det er sterkt beklageleg at denne type fundamentalisme fortsatt eksisterer her i denne idylliske bygda.

Ja til kjønnsnøytral ekteskapslov!

Helse (Førde) for alle penga!

Helse Førde – kvalitet i men ikkje pengar til tenestene?

Eg er ikkje kravstor, men akkurat no ønskjer eg at helsa mi held, mest for Helse Førde sin del, for eg ser igjen at det er diskusjon om pengar/mangel på pengar til Helse Førde.

Når til og med gode, gamle, ærverdige Kjell Opseth trekkjer seg frå styret etter krav om nye innstrammingar, ja då er hundre og eitt ute for heile Helse Førde spør du meg, vi snakkar her trass alt om sjølvaste Gardermoen-Kjell. Eg trur han etter alle desse åra i politikken, og med lobbyverksemda si, veit akkurat kva knappar han skal trykke på og kva folk han skal snakke med for å oppnå det han vil, og det er eg overbevist om at han har gjort her. Så når han gjev opp ser ikkje eg noko håp for eit eige Helse Førde lenger.

"Sjikane- og Fordomsfylket"

No laurdag kunne vi lese i Firda at tre ekskluderte Senterparti-politikarar i Fjaler mottar anonyme truslar, oppringingar, sjikane og blir kalla for fascistar. Her før jul var det Klara Øberg som fekk gjennomgå med truslar og sjikane. Etter lokalvalet vart Håkon Myrvang utsett for rykteflaum frå folk som ikkje ville ha han som ordførar i Naustdal.

Eg veit ikkje om eg skal le eller grine. Kva slags jungellover og cowboy-retorikk er det som råder grunnen?
Sjikane er ein lett metode å gripe til for folk som ikkje er kunnskapsrike nok til å debattere på saklege premissar, eller folk som er for feige til å stå fram med eigne meiningar.

Firda-bloggen

Følges av 69 medlemmer.

Her kjem innlegg frå bloggarane i Firda. Når det blir lagt ut ny blogg er den også synleg på Fjordaglimt.


Om du har lyst til å blogge fast for Firda kan du søkje om medlemskap til internett@firda.no.
Meir om sona

Origo Firda-bloggen er en sone på Origo. Les mer
Annonse